Kari E. Espeland - Årets fotograf 2025!
Møt Årets fotograf 2025!
Gratulerer til Kari med den gjeve tittelen! Vi har tatt en prat med Kari for å lære mer om hennes fotografiske reise – bli med «bak linsen» og les intervjuet her.
Takk til alle som har stemt på bildene mine gjennom året! Det er stor stas å bli Årets fotograf i TKK.

Foto: Ole Nygård
Bakgrunn og inspirasjon
Hva var det som i sin tid inspirerte deg til å begynne med fotografering? Hvor lenge har du fotografert. Husker du ditt første kamera eller ditt første bilde som virkelig betydde noe for deg?
Eg hadde eit behov for å få utfolda meg kreativt og då eg ikkje fekk til å teikne eller male blei kamera løysningen. Desember 1998 var eg ferdig med studiar ved sidan av jobb og fekk endeleg tid til hobbyar. Og kamera blei fast tilbehør uansett antrekk og anledning! Eg blei skikkelig hekta!
Husker du ditt første kamera eller ditt første bilde som virkelig betydde noe for deg?
Mitt første speilreflekskamera var ein Pentax MZ-5N med eit normalobjektiv og ein liten tele. Det gjekk ikkje lagt tid før utvalget blei utvida med ein Tamron 90mm macro.
Og med macroen tok eg det første bilde som eg verkeleg blei fornøyd med, det gav meg også min første premie i fotokonkurranse, med bildet Grønn Symfoni.

Foto: Kari E. Espeland, Grønn Symfoni.
Fotografisk uttrykk
Hvilke sjangre innen fotografi jobber du mest med i dag?
Det blir nok hovedsaklig macro og nærbilder, gjerne med vintageoptikk som Helios, Trioplan og Lensbaby. Det kan bli litt i meste laget med bokeh og effektar så av og til må eg prøve å »avbokehfisere» meg og ta normale macrobilder! Innimellom blir det også litt gatefoto eller å jobbe med arrangerte bilder, gjerne med meg sjølv som modell då det ofte er enklast, bilder med dame i raud kåpe, Red Lady at Dora, er vel kjent etterkvart😉

Foto: Kari E. Espeland, Red Lady at Dora
Bildene mine er nok med klassisk stil og komposisjon, brukar mykje linjer og gjentakelsar.
Hvordan vil du beskrive din fotografiske stil med noen få ord? Hvor har du hentet kompetanse og kunnskap om foto.
Bildene mine er nok med klassisk stil og komposisjon, brukar mykje linjer og gjentakelsar. 99,9% er rett ut av kamera. Ingen av effektane er gjort i ettertid i bildebehandling. Halve gleden er jo å finne tekniske, kreative løysningar, som å få ei klinkekule til å tilsynelatande flyte på vatnet.
Macrobildene mine er så godt som alltid med stor blender og utnyttelse av bakgrunn for å få fin, dus bokeh.
Eg har stor glede av å leke med papir og lys og små stilleben, både skarpe og uskarpe.

Foto: Kari E. Espeland, Flytande klinkekule.
Inspirasjon og påvirkning
Hvem eller hva henter du inspirasjon fra – enten det er fotografer, kunstnere, steder eller stemninger?
Inspirasjon fins overalt, Fotografi og anna bildekunst fins jo overalt! Eg følger også mange fotografar på Instagram og Facebook. Det å delta i konkurransar og få tildelt tema er også gøy, då kan eg gå lenge og «drodle» rundt ulike idear og så prøve å få til noko.

Foto: Kari E. Espeland
Eg har også eipar stader nær heimen som er lett å oppsøkje
Finnes det et område, et miljø eller et motiv som stadig trekker deg tilbake med kameraet?
Blåveisen i Essoskogen og kvitveisen i Borreparken MÅ eg ha med meg kvart år!
Eg har også eipar stader nær heimen som er lett å oppsøkje om eg har ein ledig time og lyset er bra for macrofoto. Får eg rusle i eige tempo langs ei strand eller bekk og jakte på mønster og detaljar er lykken gjort. Det er reine meditasjonen!
Foto har faktisk lært meg å mislika vinteren litt mindre, då den gjer variasjon og andre typar motiv.

Foto: Kari E. Espeland
Erfaring og utvikling
Hvilket råd vil du gi til en som er helt ny innen fotografering?
Lær blender og lukker samt Iso og korleis det påverkar bildet! Altfor mange, spesielt damer seier dei ikkje bryr seg om det tekniske og knipsar i vei på auto, men lærer ein det kan ein få til så mykje meir og det blir enda meir gøy! Gå gjerne på kurs og workshop, det er utruleg lærerikt.
Er det noe du i dag skulle ønske at du visste da du selv var nybegynner?
Ja , sei det! For å snu på det: Det hender eg saknar den intense entusiasmen eg hadde dei førsta åra, eg tok bilder av absolutt alt! Så av og til går eg ut og prøver å finne tilbake til den og sjå med nybegynnars nysgjerrighet og samtidig ta med meg dagens kunnskap og erfaring.
Foto skal vere gøy. Så eg tar ofte bilder av akkurat det eg vil utan å tenke på at det skal selga eller vinna.
Hva har vært den viktigste lærdommen på din fotografiske reise så langt?
At tolkning av eit bilde er subjektivt! Til og med erfarne juryar er subjektive. Så om bildet ditt ikkje når opp eller får gode tilbakemeldinger så treng det ikkje vere eit dårleg bilde, det kan vere settingen det blir vist i som ikkje passar. Og foto skal vere gøy. Så eg tar ofte bilder av akkurat det eg vil utan å tenke på at det skal selga eller vinna, det er øyeblikket med trivsel bak kamera som tel. Og det å gå ut på tur med kamera om det er i skogen eller byen er som å gå på skattejakt, ein veit aldri heilt kva ein finn.

Foto: Kari E. Espeland

Foto: Kari E. Espeland, Tulips love med lensbaby
Fotoklubb og fellesskap
Hva mener du er de største fordelene ved å være medlem i en fotoklubb?
Det er mange fordeler, det å ha eit felleskap med andre som har same interesse gjer mykje. Det er inspirasjon og kunnskap i foredrag, aktivitetar og konkurransar. Så velger ein jo heilt sjølv kor mykje ein vil engasjera seg i klubben.
Hvordan har fotoklubben bidratt til din egen utvikling som fotograf?
Eg har medlemskap i tre veldig ulike fotoklubbar, TKK, Oslo Kamera Klubb og Jernbanens Fotoklubb har alle hatt stor betydning for min utvikling som fotograf. Men det krever at ein tør å viser bilder og tåler tilbakemeldinger.

Foto: Kari E. Espeland
Litt om personen bak kameraet
Har du noen «fun facts» om deg selv som folk flest kanskje ikke vet?
Tidlig på nittitalet sa ei spåkone til meg at eg skulle holda ein stor utstilling , kanskje i Paris, før eg fylte 50. No blei ikkje det noko av, men å delta på utstilling I TKK er jo slett ikkje verst det heller!
Hvis du ikke hadde fotografert – hva tror du at du hadde brukt kreativiteten din på?
Oj sei det du! For meg er foto altoppslukande så har ikkje vurdert alternativ, teikning fekk eg ikkje til og eg er fullstendig tonedøv så musikk er ikkje eit alternativ. Men dreiv ei stund med blomsterbinding, så kanskje noko i den retning?

Foto: Ole Nygård av Kari E. Espeland
✨ Se flere av Karis bilder
Du finner flere fotografier av Kari på Instagram, med særlig fokus på makrofotografi som her. Flere av arbeidene hennes kan du også se via denne lenken.
Nysgjerrig på fotoklubb?
Har du lyst å utvikle deg som fotograf sammen med andre?
Tønsberg Kameraklubb ønsker nye medlemmer velkommen – uansett nivå!
👉 Klikk deg inn og bli med oss.
I intervjuet: Kari E. Espeland, som raust deler av sin fotografiske reise.
Ansvarlig for innlegget: TKK ved Mona Winbrant
